Arbeidarane si ungdomsfylking

Arbeidarane si ungdomsfylking

ModerpartiArbeidarpartiet
LandNoreg
Partileiar(ar)Astrid Hoem
GeneralsekretærJan Halvor Vaag Endrerud
Grunnlagt1927
HovudkvarterYoungstorget
Medlemstal8 997 (2022)[1]
IdeologiSosialdemokrati, inkluderende feminisme Sjå dette på Wikidata

Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF) er ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet. AUF driv politisk arbeid og legg vekt på sosialt samhald. Organisasjonen blei danna i 1927. Gaute Skjervø har vore leiar for AUF sidan oktober 2024.

Med 8 997 medlemmar per 31. desember 2022 er AUF det største ungdomspartiet i Noreg.[2] Fleire toppar i Arbeidarpartiet har vore leiarar i AUF, mellom anna Trond Giske, Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland.

Særleg etter 1960 har AUF ofte vore meir politisk radikale enn moderpartiet, mellom anna i utanrikspolitikken og miljøpolitikken. Dette gjeld ikkje minst under EF- og EU-striden i 1972 og 1994, da AUF begge gonger tok standpunkt mot norsk medlemskap medan Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon arbeidde for medlemskap. AUF var sentrale i opprettinga både av AIK i 1972 og Sosialdemokratar mot EU i 1994.

AUF har også engasjert seg sterkt i internasjonalt solidaritetsarbeid og i saker som kampen mot apartheid og for rettane til palestinarane. Dei har hatt omfattande internasjonalt samarbeid gjennom IUSY (International Union of Socialist Youth).

  1. https://framtida.no/2023/03/14/medlemstal.
  2. Kjøllesdal, B. Senterungdommen har mista 23 prosent av medlemmane sine: AUF. Henta 17. mars 2023.

Developed by StudentB